Skip to content

Mie re-signerer med Volda!

Tekst: Volda Handball Publisert: 06/03/2026

Volda Handball kan med stor glede stadfeste at Mie Blegen Stensrud har signert ny kontrakt med klubben. Re-signeringa er eit viktig signal om kontinuitet og vidare satsing i laget.

Stensrud har vore ein sentral spelar i troppen, og har gjennom innsats, kvalitet og profesjonalitet markert seg som ein viktig bidragsytar både på og utanfor bana. Klubben er svært glad for at ho ønskjer å vere med vidare i utviklinga av laget.

Hovudtrenar Reidar Møistad legg ikkje skjul på kor viktig signeringa er:

– Dette er ein særs viktig signering. Kanskje den beste spelaren i 1. divisjon førre sesong, og ei signering som gir tryggleik på at vi skaper eit lag for neste sesong som skal bite godt frå seg.

– Mie har vore positiv gjennom samtalane våre over lang tid, og det var ei stor letting at vi landa dette no. Eg gler meg veldig til å arbeide vidare med Mie og ser fram til å få henne tilbake på bana så snart som mogleg.

For klubben handlar dette også om å bygge vidare på fundamentet som er lagt denne sesongen, og sikre kontinuitet i spelargruppa.

Samtidig kan klubben avsløre at dette berre er starten.

I tida framover vil det kome fleire re-signeringar, og klubben vil presentere desse fortløpande.

Følg med – fleire gode nyheiter kjem snart.